Haganes Velforening
Raymond Michelsen - 2008


Sanden vert Haganesparken

Bygdafolk på Haganes har sidan 1993 arbeidd med opparbeiding av parken. Sjølve velforeninga vart ikkje formelt stifta før på slutten av 1990 talet, men bygdafolk har lenge arbeidd for at Haganes skal vera ei triveleg og trygg bygd for alle. På midten av 1990 talet vart den såkalla Sanden på Haganes bygd om. Det som tidlegare hadde vore ein sump, vart no omdanna til mange små øyar. I tillegg vart det laga stig rundt området med flotte lysstolpar og lys på. Alt dette i regi av B.Telles Trearbeid. Han arbeidde imidlertid saman med nokre aktive bygdafolk. Desse gjorde ein del dugnadarbeid som til dømes planting av furu og ulike blomar. Men heile området var liggjande urørt i nokre år, fram mot 1999. Frå 1999 og fram til i dag er det gjort mykje på Sanden. Sanden fekk nytt namn, og heiter no Haganesparken. Haganes velforening ynskte sterkt å overta eigedommen, og i mars 2000 vart heile området framleigd frå B. Telle Eigedom til Haganes Velforening. Det vart laga ein gjensidig forpliktande skriftleg avtale. Velforeninga sitt mål var at Haganesparken skulle vera ein park med ball og leikeplass, samstundes skulle det vera eit parkområde som skulle brukast til rekreasjon for alle. I tilknytning til parken var det også planar om å laga ei badestrand.

Arbeidet vert sett igang.

Mange av innbyggjarane på Haganes syntes ideen var god, og det første store arbeidet vart sett i gong hausten 1999. Velforeninga begynte med sjølve parkanlegget, som ligg langs fylkesveg 204 ned mot snuplassen på Haganes. Vi leigde inn entrepenør til å setja opp flott steinmur. Dette for å gjera området høgare for floa som tidlegare gjekk opp på området. Etter dette vart det kjøpt inn skjellsand og mold, og heile området vart laga til plen i år 2000. Velforeninga kjøpte også inn ein god del plantar, samt plen og kantklipper. Velforeninga hadde mange dugnader, og på det meste møtte det opp 35 husstander av dei rundt 65 hustandane i bygda. Haganesfolket opplevde dermed noko nytt, slik velforeninga ser det. Vi fekk nemleg noko å stå saman om, vi fekk ein møteplass i bygda der folk kunne samlast til dugnad og sosialt samvære.

Samtidig som arbeidet med parkanlegget vart gjort, begynte velforeninga planlegging av rehabilitering av gamalt naust i parken. Dette naustet vart før andre verdskrig brukt til båtoppdrag. På denne tida var det sjø over heile parkområdet. Velforeninga søkte økonomisk stønad fra ulike hald, og fekk til saman inn rundt 150.000 kroner. Dette var nok midlar til å starta opp arbeidet, og B. Telle Trearbeid sette opp naustet med midlar frå velforeninga. Naustet vart sett opp i gamal stil.. Eldre i bygda kom også med bilete av naustet slik det såg ut rundt 1925. Naustet er no ferdig utvendig, det er også kopla opp straum. Det er vidare planar om å innreia naustet med skifergolv og skilleveggar. Utanfor naustet er det planlagt fine gråsetinsmurar i stil med sjølve naustbygnaden. Ball og leikeplassen.

Det største og viktigaste arbeidet har likevel vore opparbeiding av ball og leikeplass. Tidleg på 1990 talet vart det forsøkt opparbeiding av ein slik plass utan gode resultat. Arbeidet starta opp att i 2001. Velforeninga sette opp kostnadsoverslag på ball og leikeplassen på rundt 150.000 kroner. Plassen vart finansiert på fleire måtar. Velforeninga fekk 40.000 kroner i stønad frå Hordaland fylke og 25.000 kroner frå Fjell kommune. I tillegg bidrog innbyggjarane på Haganes med 40.000 kroner. Dei resterande kronene vart lånt av B. Telle Eigedom. Dettte er eit rentefritt lån som skal betalast tilbake innan 2004.
Det vart lagt ned mange dugnadstimar. Gjerde og apparat vart montert på dugnad, det var også ein del grøftearbeid. Velforeninga fann også ut at det måtte lagast ny veg bort til plassen, som er tilrettelagt for funksjonshemma. Sjølve grunnarbeidet vart gjort av entrepenør. Plassen stod ferdig til bruk våren 2002. Hausten 2002 er det lagt opp straum med ein kostnadsramme på 70.000 kroner. Opninga av Haganesparken.

9. juni 2002 var det offisiell opning av Haganesparken med barnas dag. Ordførar og samarbeidspartar var til stades. Til stades var også heile Haganesbygda. Ordførar held positiv tale om arbeidet som var gjort i parken, og leiar i velforeninga gav blomehelsingar for god økonomisk stønad til arbeidet. Det var ulike aktivitetar, med orienteringsløype, fotballkamper, sekkeløp og ikkje minst god mat og drikke. Velforeninga håper at Haganesparken vert brukt aktivt både for gamal og ung. Det er planer om vidare utviding, noko vi vil koma tilbake til på nettsida vår.