Haganes Velforening
Raymond Michelsen - 2008


Litt om oss

Haganes velforening vart stifta i juni 1999. Det vart halde fellesmøte på naustet ved sjøen, og nokre inbyggjarar fekk i oppdrag å danne eit styre. I august same år hadde velforeninga første årsmøte. Styret arbeidde med fleire viktige satsingsområde, mellom anna opparbeiding av Haganesparken, sosiale arrangement, og opparbeiding av molo og båthamn. Det vart sett ned ei gruppe som skulle arbeide med molo og båthamn. Denne gruppa har hatt jevnlige møter, men er fortsatt i startfasen av arbeidet. Eit av måla til Haganes Velforening har vore og er at Haganes skal vere ei trivleg og trygg bygd å bu i. Styret trur at velforeninga har vore med å bidratt til dette. Sosiale arrangement har heile tida stått sentralt. Barnas dag, basar, sosiale kveldar for barn og voksne, sankthansfest og lysfest er nokre arrangement som har vore velukka, og som velforeninga vil satsa på også i framtida. Det har også vore arrangert sosiale ettermiddager for eldre i bygda. Haganes velforening har og mellom anna arbeid med dette sidan oppstart i 1999
  • Opparbeiding av Haganesparken med parkområde.
  • Opparbeiding av badeplass med skjellsand ved sjøen.
  • Velforeninga har laga ball og leikeplass.
  • Rehabilitering av gamalt naust i Haganesparken.
  • Vi har fått tre nye veglys ved sjøen.
  • Velforeninga har rydda bort tre og busk langs hovudvegen.
  • Det er sett opp stadsnamnskilt.
  • Vi arbeider med 50 km fartsgrense gjennom bygda.
  • Arbeid med sikring av fylkesveg 204 fra Tellnes til Haganes.


Styret i velforeninga ønskjer tilbakemelding på arbeidet som vert gjort. Kom gjerne med nye innspel til vidare arbeid.

Helsing styret i Haganes velforening.