Haganes Velforening
Raymond Michelsen - 2008



  LYSFEST  PÅ HAGANES
 
Lysfesten
 


Haganes Velforening har også i år gleda av å invitera til lysfest første søndag i advent
29 november 2009

Me møtes ved Galleri Haganes kl:16.40

Det vert sal av faklar, pepperkaker, gløgg og hotdog.

Me går i fakkeltog gjennom bygda. Fakkeltoget avsluttas på snuplassen. Ragnevig Frøyland har i år fått æra av å kveikja jolegrana i parken. Til slutt vil me gå rundt jolatreet og Sund Brasband spelar. Nissen kjem?

Styret i velforeninga oppmodar alle i bygda til å ta del i dette arrangementet.

 
 
MEDLEMSMØTE I HAGANES VELFORENING
 


Haganes Velforening gjekk ut til medlemane sine og inviterte dei til eit spleiselag for å finansiere reguleringsplanen for ei framtidig ny småbåthavn. 20 medlemar har til no meldt sin interesse. Diverre er dette i minste laget. Med dette som bakgrunn ynskjer
styret og mologruppa i Haganes Velforening å invitere utenforståande/ikkje medlemar (hytte eigarar og folk frå nabogrender) til å vera med i prosjektet.

Sak: Medlemsmøtet må ta stilling til om me skal invitere ikkje medlemar til å delta i prosjektet.

Mandag 30/11-2009
KL. 19.00
Stad: Galleri Haganes

 

haganes.com